Kyrkja arrangerte fakkeltog for fengselet i Fyresdal

Nittifem menneske møtte opp då kyrkja i Fyresdal baud inn til fakkelmarkering mot nedlegging av Skogsleiren i Fyresdal.

Kyrkja arrangerte fakkeltog for fengselet i Fyresdal

Sjette oktober kom den meldinga som tilsette og innsette i Arendal fengsel avdeling Kleivgrend i Fyresdal frykta. Statsbudsjettet kom med framlegg om at fengselet med 28 innsette vert lagt ned, når nye Agder Fengsel opnar fyrste halvår av 2020.

Fengselet i Kleivgrend har ofte vore truga med nedlegging. Men dei er brennande i sin iver etter å skape gode, verdige soningstilhøve, og kjempar på. Kyrkja i Fyresdal er òg engasjert i denne unike soningstaden.  Dei innsette i Kleivgrend har åpen soning i det som liknar ein liten landsby på den naturskjønne staden. Dagane går med til hardt fysisk arbeid, blant anna vedhogst og tømmerdrift. Målet er at soningsforma skal gjere det lettare for dei innsette å tilbakeførast til samfunnet.

Sidan 1986 har prostidiakonen i Vest- Telemark organisert visitorteneste i leiren. No er det Andras Valebjørg, Else F. Metveit og Ragnhild Berge som vitjar fengselet jevnleg.  Gjennom åra har hundrevis av kaker blitt sendt opp frå bygda, som gode og varme helsingar til dei innsette.

Under årets Diakonisamling i Vest- Telemark fekk Skogsleiren – tilsette og innsette - Diakoniprisen for å lage eit godt fengsel. Prostidiakon Eilev Erikstein har også arrangert pilegrimsvandringar for dei innsette, eit tiltak som vert kalla "vandring mot fridom".

No er  det berre å vente på om faklar ein mørk måndagskveld har effekt på dei som endeleg vedtek budsjettet.

 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"